Treng vi Folgefonnbanen?I mange år har mange MC-entusiastar med Per Myklebust i front arbeidd for å realisera eit motorsportsenter i Fjellhaugen. Folgefonnbanen AS har ei kostnadsramme på 93,4 millionar kroner. Anlegget er førehandsgodkjend av departementet, og har fått ei førehandsvurdering for spelemidlar på totalt 9,2 millionar. Når anlegget står ferdig, vil det vera det største motorsportsanlegget på vestlandet. I regional plan for idrettsanlegget i Sunnhordland er anlegget prioritert som eit regionalt anlegg.
Fagkoordinator Sissel Aarseth på kulturkontoret skriv i si saksutgreiinig til __Komite for oppvekst, kultur og idrett (OKI)_ : “Vi ser på dette anlegget som eit viktig anlegg for vestlandet. Det er eit anlegg som vil dekka heile regionen, og som på sikt kan bli eit senter på lik linje med anlegget på Rudskogen. Det er eit anlegg som vil gi eit tilbod som i dag ikkje finnest i Hordaland. På bakgrunn av det ber vi om at fylkeskommunen løyver midlar til anlegget.” Er Fylkesmannen til hinder for at Kvinnherad kan utvikla seg til den beste kommunen i landet?Kvinnherad er ein mangslungen kommune med alt frå fonn, fjell, dalar, fjordar og ein skjergard som kan måla seg med det flottast i landet. I denne naturgitte gåva frå Moder Jord lever vi våre liv og vi ønskjer naturlegvis å kunna hausta av desse rikdomane. Men gong etter gong opplever vi at ulike framtidsretta initiativ som kan gi kommunen vår og folket nye bein å stå på, blir stoppa av Fylkesmannen. Dette gjeld ikkje minst i strandsona. Kvinnherad har store areal og ei lang strandsone. Bygging av kulturskulesenteret går sin gang!Kommunestyret vedtok i møtet i desember 2010 at arbeidet med kulturskulen sitt senter på Husnes skal halda fram. Tidlegare i haust avlyste prosjektgruppa og styringsgruppa for kulturskulesenteret anbodskonkurransen. Grunnen var ein kombinasjon av for mangelfull dokumentasjon, for dårleg konkurranse og ein alt for høg sluttsum. Mange trudde då at heile prosjektet ville bli lagt på is.
No har prosjektgruppa, saman med arkitektfirmaet Rambøll AS, gjort ein ny gjennomgang for om mogeleg å finna måtar å redusera kostnadane med bygget. Slik det ser ut no er det mogeleg å gjera innsparingar utan at det går ut over det viktigaste: akustikk, lydisolering og ENØK. Kva er eit pliktig bygg?I Formannskapsmøte 20.01.11 uttalte Arne Havnerås (H), i samband med bruk av moms til finansiering av kulturskulebygget og Rosendal ungd.skule, at han følte dette var ei utidig blanding av korta sidan “dette dreiar seg om eit pliktig bygg, det andre er ikkje pliktig” (sitat frå Grenda 20.01.11). Desse to prosjekta kunne altså ikkje samanliknast sidan Rosendal ung.skule var eit pliktig bygg og at kulturskulebygget ikkje var det. Men kva er eit pliktig bygg? No veit ikkje eg kva Arne Havnerås (H) byggjer sin uttale på, men om han meinar at grunnskulen er lovpålagd i motsetting til kulturskulen, tar han grundig feil. Kulturskulane i Noreg blei lovpålagde i 1998. Det er over 400 lovpålagde kulturskular i Noreg! Kulturskulane er lovfesta under den same lova som grunnskulane: Opplæringslova! Skal Kvinnheringane orientera seg mot Hardanger, Stord eller vestover?Vi Kvinnheringar blir dregne mange vegar, både mot nord, sør og vest, mellom Hardanger, Sunnhordland og mot kommunane i retning Bergen. Men kva region høyrer vi eigentleg til? Etter at Folgefonntunellen kom, har mange funne det interessant å orientera seg mot Hardanger, både når det gjeld jobb, handel og opplevingar. Mange har funne vegen til Odda (ikkje minst den mannlege delen av oss som har funne ein klebutikk med utruleg stort utval!!). Mange reiser til Nå og andre bygder langs Sørfjorden for å handla frukt, grønnsaker og andre godsaker som er typisk for dette området. Kulturskulebygget - Takk for taket! :o)Kommunestyret i Kvinnherad har vedteke å realisera planane om å skapa ein kulturell oase for born og unge på Husnes. Ikkje alle har vore like glade for denne nyskapningen. No er tida inne for å sjå framover og leggja denne striden bak seg. Eg håpar verkeleg at vi no kan slutta fred! Debatten om kulturskulebygget på kvardag.no har i desse dagar gått i samanheng i over eitt år. Det må vera ny rekord! Eg har i andre samanhengar fått høve til å takka dei som har hatt tru på dette prosjektet, både kulturinteresserte, politikarar og ikkje minst næringslivet.
Har kvardag.no noko verdi for deg?kvardag.no er ein nettstad under Origo. Utan å gå inn på for mange detaljar, kan vi seia på ein enkel måte at kvardag.no er ein av mange nettstadar i eit stort landsdekkande nettverk. Dette er staden for den så kalla menigmannen, Ola Normann, som har meiningar om alt som skjer og som veit kva som er rett og gale, som fordømmer det etablerte, rosar ein skjeldan gong, anten det er stat, fylke eller kommune, men som oftast er kritisk. Og dette er heilt på sin plass!! Stressar vi jula i hel?Det som skulle vera ei god tid saman med familie, slekt og venner i den mørkaste tida på året, til glede, omsyt og ettertanke, fortonar seg meir og meir som ei stresstid. Vi blir torpedert med julereklame i alle fasongar, frå billeg juleribbe og førjulskonsertar, til kampen for å skaffa den rette dubbeditten til poden, juletre i tide og ikkje minst det stadig tilbakevendande hurtigløpet på sjølvaste julaftan for å kjøpa noko heilt unødvendig og alt for dyrt til kona!! Og dette gjer vi frivillig kvart år, år etter år!
Kvifor slik hets mot kulturskulen?At folk er blitt merksame på at vi har ein kulturskule i kommunen, er posistivt. Likevel trur eg at mange har lite kunnskap om kva denne skulen held på med og at denne skulen er lovfesta, er for mange ny kunnskap.
Kommunen oppretta kulturskulen i 1976 (den gongen musikkskulen). Den blei lovfesta i 1997, altså for 12 år sidan. Kulturskulen er lovfesta under Opplæringslova, den same lova som grunnskulen. Likevel kan vi lesa i fleire innlegg i ulike lokalaviser og på nettet at “vi må først og fremst ta vare på lovpålagde oppgåver!” og då blir det meint alle andre enn kulturskulen. Kva med Jondal?Samspelet eller samarbeidet mellom kommunane på Folgefonnhalvøya har auka monaleg etter at Folgefonntunnelen opna, i alle høve når det gjeld Odda, Ullensvang og Kvinnherad. No er det Jondal som skal bli innlemma i familien. Tunnelen frå Nordrepollen til Torsnes skal stå ferdig om få år og kommunikasjonane mellom kommunane vil bli monaleg forbetra. At trafikken og køyremønsteret vil ta nye vegar, veit vi om frå erfaringane andre stader. Men kva andre synergieffektar kan du sjå for deg? Kor blir det av folket frå Ølve og Hatlestrand på kvardag.no?I diskusjonane her på nettet har eg inntrykk av at dei som deltar kjem frå strekninga Mauranger til Utåker og Halsnøy. Skjeldan kjem det innlegg frå vestsida, annonymt kanskje, men det blir sjølvsagt ikkje registrert. Kan henda dei ikke føler seg som kvinnheringar? No ser vi at kommunestyret vil gi avkall på bygdene som ønskjer å bli jondøler. Dei har store kommunikasjonsproblem med å koma til Rosendal og resten av Kvinnherad og ønskjer derfor å knyta seg for godt til Jondal, og det er naturleg. "Når krybba er tom, bitest hestane!"Det skjer mykje positivt i kommunen vår. Ikkje alt er likevel slik ibuarane ønskjer. Det føregår ein kamp mellom sentrale strok og dei som bur meir i periferien. Dette er slik ein kan forventa i ein landsens kommune. I kampen for dei gode prosjekta, der folk og dei som styrer hevdar sine behov og rettar og med gode intensjonar, kan ikkje alle få det slik dei ønskjer. Alle som står opp og kjempar for si sak og si bygd gjer ein formidabel jobb på sine område. Men bør alle vinna fram? Kyrkjevalet står for døra!Samtidig med Stortingsvalet kan vi dette året for første gong delta i kyrkjevalet, dvs soknerådsvalet. Tidlegare måtte vi vera “kyrkjegjengarar” for å delta i dette valet. No skjer dette samtidig med Stortingsvalet. Folk kan stemma over kven om skal sitja i soknerådet i sin del av kommunen. Dette er for øvrig eit godt høve for dei som ikkje er medlem av Den Norske Kyrkja til å stadfesta dette eller dei som ikkje ønskjer å å vera medlem til å tilkjenngi dette ved å senda inn eit svarbrev. I følgje statsråd Giske reknar han med ei utmelding frå statskyrkja på omlag 100 tusen menneske.
I den tilsendte informasjonen står namna på kandidatar i ditt område. Her kan du stryka, flytta eller kummulera kandidatar. Kommunen går i gang med taksering av eigedomar og innfører eigedomsskatt!I dag dalte det ein brosjyre frå kommunen ned i postkassa mi med informasjon om innføring av eigedomsskatt frå 2010. Frå midten av august og ut året 2009 skal “synfaringspersonale” reisa frå bygd til bygd, frå eigedom til eigedom (med visse unntak) og gjera sine vurderingar som grunnlag for taksering av eigedomsskatt. Om du som eigar ønskjer å vera der når “synfaringspersonale” kjem, må du gi kommunen beskjed.
I brosjyren blir alle oppmoda om “å ta vel imot synfaringspersonale. Dei er i kommune si teneste og er hyrt inn for å gjera jobben og har såleis ikkje noko med avgjerda om innføring av eigedomsskatt å gjera.” Det er ikkje så nøye, sleng driten!Dette utsagnet er gjengs blant mange i dag, både unge og eldre. Kjøper ein ein tyggis, ein is eller ein brus, så går restane ned i vegen. Til tross for at skulen og foreldra har undervist poden, skjer dette gong etter gong. Men det er kanskje ikkje dei unge som er verst? Så skjer det fatale: Nokon knusar ei brusflaske i bassenget der ungar leikar og kan risikera å få beina oppskore. Skal vi bry oss om det eller må vi godta slik slendrian? Sjølvsagt ikkje, men kva kan vi gjera for å få has på slik oppførsel? Dei beste gjestehamnene i Norge finn vi i Kvinnherad?På nettavisa til Kvinnheringen kan vi lesa: “I den årlege kåringa til Båtmagasinet av årets beste gjestehamn er dominansen frå Kvinnherad total. Det er framleis slik at Kvinnherad har tre av hamnene sine blant dei fem beste. Husnes er nummer ein, Uskedalen nummer to og den nye hamna i Rosendal ligg på femteplass.” Er dette ein realitet, eller er det lokale tilhengjarar som har vore særleg aktive her med stemmegjevinga for å få eit “godt” resultat?
Jonsokfeiringa!Skjeldan har vi hatt finare Jonsok som i år. Flott og varmt ver var ramma då små og store markerte midtsommarsnu langs strender og svaberg i vår langstrakte kommunen. Vi har ikkje vore bortskjemde med godt ver dei siste åra, men i år viste Moder-natur seg frå si beste side, og utsiktene vidare er berre gode. Fint om vi kunne få ein situasjonrapport her. I Neslia har vi nokre år gått saman om markeringa. Er det slik andre stader? Her kan du krydra med ulike bilete. Korleis feira du og dine Jonsok?
Kvinnherad som festivalkommune nr 1?Kvinnherad har sett mål av seg å vera den kommunen i Hordaland som har flest festivalar. Ei stor målsetjing, kanskje, sjølv når ein ser bort frå Bergen. Den eldste er truleg Rosendal Musikkfestival (1977), men mange ulike festivalar kringom i ulike sjangrar har vore i aktivitet i mange år. "Ein draum frå BREIGATA" blei ei flott framsyning. Over 200 dansarar bergtok eit fullsett kulturhus med eit entusiastisk publikum. Makan til forestilling!Skjeldan har trampeklappa runga i kinosalen på Husnes som i dag 6. juni. To fulle salar hylla små og store dansarar som verkeleg la alt i dansen for å underhalda dei som hadde priortitert framsyninga framfor godveret ute. Det blei dansa til eit potpurri av kjente og mindre kjente musikalar frå Broadway gjennom tidene. Danselærar Agnes Tyldum fekk velfortent ros og omtale frå kollega Eli Haugen. Eli sa at Agnes måtte ha utprega organisatoriske evner som kunne halda greie på så mange elevar, å hugsa alle namn er eit bevis på det. “Vi kjem alle til å sakna Agnes og vi håpar at du har mange gode minner frå Kvinnherad”, sa Eli Haugan. Diverre forlet Agnes Kvinnherad no til sommaren. Men ho lova å koma tilbake for å oppleva nye danseframsyningar. Agnes ønskte at alle dansarane ville ta godt i mot den nye læraren til hausten. Den nye læraren er frå Omvikdalen og heiter Hilde Bjørnebøle. Ho er kjent frå danseframsyningar på TV.
Kva kan ei flytebryggje bety for kulturlivet?Nokre entusiastar har saman med næringsliv og private interesser fått realisert eit etterlengta kaianlegg av høg standard i Rosendal. Ein velvillig grunneigar har gjort dette mogeleg. Eit finsk firma har levert solide flytebryggjer, flyteelementa er 4 meter breie og 50 tonn tunge. Kaiane er utstyrte med kortterminalar for kjøp av straum, vatn og båtleige. Heile anlegget framstår på ein førsteklasses måte og stettar i høgste grad det behovet bygda har hatt for å kunna ta i mot båtfolket på ein god og forsvarleg måte.
Rosendal hamn, Pinseaftan kl 23.34 Arrangement som kolliderar - korleis unngå det?Neste helg blir Rosendal Musikkfestival arrangert, 29 – 31 mai. Dette er ein festival som starta i 1977 og som såleis har lange tradisjonar. “Alle” veit at denne festivalen skjer sist helga i mai. Så ser vi at Åkra startar ein nye “festival” same helga? På Husnes har Sommarevyen premiære same helga, tidlegare enn før? Og ikkje nok med det; På Dønhaug skjer det noko og? Riktig nok har kommunen, dvs “Kultur og Fritid”, sett seg som mål at Kvinnherad skal bli festivalkommune nr 1 i Hordaland. Greitt nok, men skal anarki råda her? Bør ikkje dei ulike arrangørane samarbeida og samtidig ha respekt for gamle tradisjonar? Kvifor startar Omvikdalen for nokre år sidan opp med å arrangera “Julematine” første sundagen i desember, same dag som Rosendal har hatt “Julematine” sidan 1980? Kvinnherad eksporterar kulturfolk - korleis få dei heim att?Gjennom alle tider har bygdene våre framfostra unge musikarar, biletkunstnarar, forfattarar, sportsfolk, dansarar og andre som i sine miljø er blitt lagt merke til. Dei gjer karriere på sine område og fleire er godt etablerte i sine miljø, men få eller ingen har gjort det i Kvinnherad. Kunst på institusjonerTenk der du sitt og har lyst til å komma deg på ei kunstutstilling, men så skjer det at utstillinga kjem til deg! Det var nett dette som skjedde 2.april 2009 at Varaldsøy barnehage gjorde, dei tok grep og tok utstillinga med bort til Varaldsøy aldersheim. “Bilde blir henvist til nettsida på link nederst av innlegget”.Utstillinga er riktignok til utlåns men alikevel, responsen har vore stor blandt bebuara og tilsette. Dagane har liksom vorte meir fargerike. Styrar for aldersheimen sjukepleiar Tone Tufta Gaugstad var den som sette fart i dette, så ei stor rose skal ho ha for dette.
Kvinnheradkulturen!
Følgt av 17 medlemmar.
Kvinnherad er kjent for sitt allsidige kulturliv. Berre å nemna Baroniet, Halsnøy kloster, lag og organisasjonar, alle festivalane, kunstgalleria, stadfestar at kommunen vår er ein kulturkommune. Kultursavdelinga i kommunen har som slagord: “Kultur gjer Kvinnherad rikare!” I denne sona kan du gi uttrykk for dine meiningar om kulturlivet i kommunen. Soneverten kan redigera eller fjerna heile eller deler av innlegg som er upassende, støytane, eller som kan oppfattast som personsjikane. Meir om sona Kvinnheradkulturen! er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||